Opplevingar

 

Hardangerfjord Hotel ligg i sentrum av Øystese, 80 km frå Bergen. Her er det aktivitetar og opplevingar for kvar ein smak. Midt i sentrum av Øystese finn du ei sandstrand som er veleigna for både store og små badeglade. Øystese har attraksjonar som Ingebrikt Vik Museum, Kunsthuset Kabuso, Gullfiskvatn, Ørredalsfossen, Kvam bygdemuseum m.m.

Golf

På Børve i Øystese ligg ein 6-hols golfbane med drivingrange.

Turstiar

Med turstiar og sogesti er Øystese eit godt utgangspunkt for dagsturar både på fjord og i fjell.

Alpin- og langrennsanlegg

Vinterstid kan du ta turen til Kvamskogen og alpinanlegga som Furedalen og Eikedalen. Kun 15-20 køyreminutt frå Hardangerfjord Hotel.

Sjusete ligg berre 10 køyreminutt frå Hardangerfjord Hotel og har varierte og gode løypemoglegheiter.

Kunst og kultur

Kunsthuset Kabuso ligg like ved Ingebrikt Vik museum i sentrum av Øystese. Hardanger er Hordaland fylke sin tusenårstad, og Kabuso er det konkrete uttrykk for dette. Her er utstillingar, konserter og arrangement gjennom hele året. Ingebrigt Vik Museum er eit av få skulpturmuseum i Norge.

Fjordtur og gardsbesøk

Hardanger Fjordreiser AS tilbyr fjordtur og gardsbesøk med omvising og servering.

Opplevingspakkar

 Hardangerfjord Hotel tilbyd opplevingspakkar for store og små grupper etter ynskjer. Ta kontakt for meir informasjon.

Brakanes Group