Om oss

Hardangerfjord Hotel ligg flott til i Øystese ved Hardangerfjorden med utsikt mot Folgefonna. Me har stor hage ned mot fjorden og ei flott sandstrand like ved. Hotellet har lange tradisjonar for godt vertskap og smakfulle opplevingar for ganen. Me får mange gode tilbakemeldingar på maten me serverar. Me lagar mesteparten av maten sjølve med bruk av lokale råvarer.

Med det beste av norsk natur rett utanfor døra, er Hardangerfjord Hotel eit godt utgangspunkt for ei rekkje aktivitetar.

Hotellet er eit fullservice konferansehotell med alle moderne tekniske hjelpemiddel. Fleksible konferansefasilitetar for inntil 200 personar. Vår stab er behjelpelig med å arrangere andre typar aktivitetar som fjell- og fjordturer - alt etter behov og ynskje. Kontakt oss gjerne for tilbod.